Sist oppdatert: 4. Desember 2008
 | Kontakt | Webdesign |          Copyright (c) UF- Ørsta/Volda 2008

VELKOMMEN TIL UF ØRSTA/VOLDA

 

Arbeider du som utrykkingspersonell i Ørsta og Volda regionen så nøl ikkje med å meld deg inn... Informasjon om kriterie for medlemsskap finn du ved Innmeldingsvalget under.

UF Ørsta/Volda arbeider tverrfagleg.

Dersom du er medlem i UF-Ørsta/Volda og likevel ikkje har brukarnavn og passord, trykk her....

 

     

Haustmøte i UF Ørsta/Volda

UF Ørsta/Volda arrangerer haustmøte på Aasentunet torsdag 11. desember 2008 (tidligare annonser dagen etter). Tema for kvelden er opptreden for Helse og Brann i forhold til skarpe situasjonar og oppdrag med auka risiko. Øyvind Lager frå Sunnmøre Politistasjon er foredragshaldar. Alle medlemmar er hjarteleg velkomne. Les meir...

 

Refleksaksjon 2008

Laurdag 6 September 2008 vart det halde refleksaksjon i Volda. UF Ørsta/Volda arrangerte dette i samarbeid med Handelsforeininga i Volda. Personell frå politiet, ambulansetenesta og brann- og redning stilte opp ved gamle busshaldeplassen midt i Volda sentrum. Her vart det delt ut gratis refleks til både barn og vaksne. Les meir...

 

UF Ørsta/Volda treng pengar til prosjekt om overflateredning

UF Ørsta/Volda har pågåande eit prosjekt i forhold til overflateredning (vannredning). Det trengst midlar for innkjøp av utstyr, og mannskap treng opplæring. Møre annonserte prosjektet;

Overflateberging er ei oppgåve bergingsmannskapet kan kome borti, men i dag har ein ikkje godkjent utstyr. F.v: Matz Åsebø (nestleiar UF), brannmeister Roy Inge Heltne og Roar Gjerde (leiar UF).

I dag finst der ikkje utstyr i Volda eller omegn som er godkjent for å gjere bergingsaksjonar i vassoverflata.
- Skjer der til dømes ei ulukke der nokon går gjennom isen på Rotevatnet har vi ingenting å hjelpe oss med, seier brannmeister Roy Inge Heltne. Dette ønskjer Utrykningspersonellets fellesutval UF i samarbeid med Volda brannvern å gjere noko med.

Les meir på Møre sine nettsider...

LANDSMØTET FOR UF NORGE 2008

 

Landsmøtet for UF-Norge for perioden 2006-2008, vart halde på Sæbø onsdag 7.mai og torsdag 8.mai 2008. Representanter fra 10 ulike lokale UF-utvalg tok turen til Sæbø for å ta del på landsmøtet. I tillegg var det fleire lokale medlemmar som deltok på dei faglige foredraga, og dei sosiale tilstellningane rundt møtet. Landsmøtet foregikk på Hotell Sagafjord. Det heile vart eit flott arrangemang, som organisasjonen skal vere fornøgd med.

 

Les meir på UF-Norge sine nettsider...

Øving i Eiksundtunellen

Tysdag 19.02.2008 kl. 17.30 vart første SOS-telefonen i Eiksundtunellen teke i bruk for første gong. Denne gongen var det ingen som var i reell naud. Det var planlagt storøving i tunellen, før den offisielle opninga av Eiksundsambandet helga etter. Det vart sendt ut trippelvarsling for dei tilknytta kommunane. Det som var tilgjengeleg frå både Brann, Ambulanse, Politi, Legestanden og Sivilforsvaret tok del i øvinga. Det var Statens Vegvesen som hadde bestilt øvinga, i forhold til å teste ut sikkerheita i tunellen før opninga. Les meir...

Sjå bilder tatt av observatør...

UF Ørsta/Volda arrangerte Vårmøte 

UF Ørsta/ Volda arrangerte vårmøte 4.6.2007 ved Volda Turisthotell kl. 1900. 

Tema for møtet var "Energi og skademekanisme, gammal kunnskap i ny drakt. Nybilanatomi, læra om bilkonstruksjon, kva betydning dette har for den energien mennesket utsettes for ved ulykke med kjøretøy, og kva dette kan bety for innsatspersonell i nåtid og framtid."

Trond boye hansen frå Ambulansetjenesta i Oslo og Akershus, har fylgt trafikkulykkesutviklinga på nært hald i eit forskingsprogram. Trond Boye Hansen heldt dette foredraget på UF-landsmøtet i 2006, og tok no turen til Volda til stor nytte for utrykkingspersonellet i volda/Ørsta regionen. Les meir...

Russeaksjonen 2007

Tysdag 24. April 2007 blei det gjennomført ein kontroll av russebilar ved trafikkstasjonen til Statens Vegvesen i Hovdebygda. I den forbindelse stilte UF Ørsta/Volda opp med frivillige mannskap for at russen skulle få opplæring i bruk av pulverapparat, førstehjelp og opptreden på skadestad. Les meir....

Katastrofeøving Hovden flyplass

Det vart arrangert storøving ved Hovden flyplass, torsdag 10.05.2007. Alarmen gjekk kl. 17.55, då ei simulert ulykke hadde funne stad i enden av landingsbana. Scenarioet var flyhavari, der 25 skadde var involvert. Det var laga til åpen eld på staden, i tillegg til bruk av markørar. Øvingsområdet hadde altså ulike element ved seg, slik at alle einheiter skulle ha utbytte av øvinga. Øvingsutvalget ved Sunnmøre Politidistrikt var ansvarleg for planlegging og gjennomføring av øvinga. Les meir...


Vurderer du eit yrke innan Brann, Politi eller Ambulanse...?

                      


Er du medlem i Norsk Luftambulanse?

Dette har NLA gjort for vårt distrikt.

TAS 1 og TAS 2 kurs

Økonomisk støtte til kjøp av brannsløkningsutstyr og førstehjelpsutstyr.

I tillegg kan du få gratis førstehjelpskurs.

http://www.norskluftambulanse.no/

Styremøte i UF Ørsta/Volda

UF Ørsta/Volda hadde styremøte  23. september 2008 Saker som vart teke opp var Refleksaksjon i Ørsta, Årsmøtet for UF ØrstaVolda for 2009, samt planlegging av hastmøte. Les referatet i si heilheit på Interne Sider under informasjon.

UF trening i Idrettsbygget i Volda

UF-Treninga i Idrettsbygget i Volda startar opp igjen. Som tidlegare år leiger vi to saler i bygget, kvar onsdag kl. 19.30-20.15. Første trening blir Onsdag 3. September 2008. Treninga går ut i eksamenstid og på helligdager, då bygget er stengt. Vi legg treninga opp til fotballspel og eventuelt innebandy. Tanken med treningstilbodet er sjølvsagt å komme seg i litt bedre form, men det viktigaste er nok å samlast for å ha det litt sosialt ilag. Alle medlemmar er hjarteleg velkomne til å delta.

Ny nestleiar i UF-Norge

På Landsmøtet for UF-Norge vart leiar for UF ØrstaVolda, Roar Gjerde, valgt til nestleiar i organisasjonen. Han har for siste periode vore sekretær, men tok altså no på seg nestleiarfunksjonen. Det nye styret er valgt for ein periode på to år. Sjå det nye styret i si heilheit på nettsida til UF-Norge...

ÅRSMØTE 2008

Årsmøte for UF Ørsta/Volda 2008 blir halde på Volda Turisthotell fredag 29. Februar. Det blir eit fagleg foredrag i om Redningsdykkertjenesten ved Ålesund Brannvesen før møtet. Møtet tek til kl.19.00. Les meir...

TAS 2 REPETISJONSKURS

Torsdag 25. Oktober vart det halde TAS (Tverrfaglig Akuttmedisinsk Samarbeid) 2 - Repetisjonskurs for utrykkingspersonellet i Ørsta og Volda. Kurset vart halde av representantar frå Norsk Luftambulanse, og UF Ørsta/Volda var teknisk arrangør. Kurset fann stad i Furene, der lokala til Fjord1 vart nytta for den teoretiske undervisninga, medan den praktiske treninga gjekk føre seg i området ved Brenne Brusfabrikk. 

Les meir...

 Krav om refleksvest i bil,

og bruk av refleksvest ved nødstans

 

Vegdirektoratet har i desse dagar komt ut med høring i forhold til tre forskriftsendringar. Forslaga er utarbeid med tanke på auka trafikksikkerhet.

 

UF-Norge ser i desse dagar på forslaget til forskriftsendringar i forhold til punkt 1) forslag til krav om refleksvest i bil og bruk av refleksvest ved naudstans. Dette fordi dette forslaget kan få følgjer for utrykkingspersonellet, og deira arbeid på skadestad. Høringsfristen er satt til 17.oktober 2006.

 

Du kan lese høyringa i si heilheit på Statens Vegvesen sine nettsider. Dokumentet er ei pdf-fil, så du treng Adobe Reader for å lese dette. Les heile høringa.

 

Glattkøyringstrening

 

UF Ørsta Volda arrangerte glattkøyringstrening for medlemane tysdag 14.november og torsdag 16. november 2006. Oddmund Liaskar tok seg av veiledning på den praktiske treninga, som vart halde på NAF si glattkøyringsbane i Furene. Les meir...

 

 

 

Internett-Linkar:

Ambulanse

Brann

Politi

Fagblad:

Ambulanseforum

Brannmannen

Politiforum

Lokalt:

Ørsta Kommune

Ørsta på nettet

Volda Kommune

Nettportal Volda

Interne sider

 

 

 

 

Viktige telefonnummer:

110 Brann

112 Politi

113 Medisinsk Nødsentral