Sist oppdatert: 14. November 2008

KATASROFEØVING EIKSUNDSAMBANDET

Tysdag 19.02.2008 kl. 17.30 vart første SOS-telefonen i Eiksundtunellen teke i bruk for første gong. Denne gongen var det ingen som var i reell naud. Det var planlagt storøving i tunellen, før den offisielle opninga av Eiksundsambandet helga etter. Det vart sendt ut trippelvarsling for dei tilknytta kommunane. Det som var tilgjengeleg frå både Brann, Ambulanse, Politi, Legestanden og Sivilforsvaret tok del i øvinga. Det var Statens Vegvesen som hadde bestilt øvinga, i forhold til å teste ut sikkerheita i tunellen før opninga.

Som øvingsmoment var det satt inn ein buss og personbil med markørar. Det var brannutvikling i tunellen som vart simulert med røykkanoner. Skadeomfanget var stort, med fleire fastklemde og kritisk skadde pasientar.

Det generelle inntrykket frå øvinga var god. Redningsarbeidet var målretta og effektivt, og alle sikkerheitsaspekt i tunnellen fungerte som det skulle. Det tok vel ein time etter at første brannbil var framme på ulykkesstaden til alle pasientane var evakuerte.

Les meir på Sunnmørsposten sine nettsider... 

Sjå filmklipp frå øvinga... 

Sjå bilder tatt av Observatør på øvinga...