

Refleksaksjon 2008
Laurdag 6 September 2008 vart det halde refleksaksjon i Volda. UF Ørsta/Volda arrangerte dette i samarbeid med Handelsforeininga i Volda. Personell frå politiet, ambulansetenesta og brann- og redning stilte opp ved gamle busshaldeplassen midt i Volda sentrum. Her vart det delt ut gratis refleks til både barn og vaksne. Refleksaksjonen har vorte eit årleg tiltak frå UF Ørsta/Volda, og formålet er å få fleire til å bruke refleks. Aksjonen blir kvart år halde på hausten, då den mørke årstida fort skaper farlege situasjonar i trafikken. Organisasjonen finn det svært viktig å forebygge ulykker, og har derfor denne aksjonen som eit forebyggande tiltak. Det var på denne tilstellinga mogleg å ta utrykkingskøyretøya i nærare augesyn. Både brannbil, politibil og ambulanse kunne inspiserast av alle som var interessert.
Laurdag 4. Oktober 2008 vart tilsvarande tilstelling arrangert i Ørsta. Dette føregjekk i sentrum av Ørsta ved kjøpesenteret AMFI. Alle tre etatar var representert, og det vart også her delt ut refleks til alle som kom innom. Både unge og gamle fatta interesse for utrykkingskjøretøya, og alle fekk mulegheit for å ta bilane og utstyr i nærmare augesyn.
Liknande tilstellingar har vore holdt i sentrumsområda av Volda og Ørsta i år 2000, 2001, 2005, 2006 og 2007.