

Årsmelding for UF- ØRSTA/VOLDA
2007.
· UF- Ørsta/Volda har gjennom 2007 hatt følgjande styre:
o Leiar - Roar Gjerde
o Nestleiar – Matz Kroken Åsebø
o Sekretær – Hege Aarseth
o Kasserar – Even Haavik
o Styremedlem – Karl Petter Hove
o Styremedlem – Agnar Jetmundsen
o Varamedlem – Stein Husevåg
o Varamedlem – Øystein Sørheim
o Varamedlem - Ole Henry Gjærset
· UF- Ørsta/Volda har sidan forrige årsmøte halde 4 styremøter. Organisasjonen har gjennom 2007 deltatt og arrangert følgjande aktivitetar:
RUSSEAKSJONEN 2007
Tysdag 24.4.07 blei det gjennomført ein kontroll av russebilar ved trafikkstasjonen til Statens vegvesen i Hovdebygda.
I
den forbindelse stilte UF Ørsta/ Volda opp med frivillige mannskap for at russen
skulle få opplæring i bruk av pulverapparat, førstehjelp og opptreden på
skadestad.
Volda brannvern stilte med ein mann, samt ein frå G4S. Frå ambulansetenesta i Volda var det to mann og frå politiet var det tre mann som stillte opp.
Ved
øvingsbana ved flyplassen i Hovdebygda var det delt opp i postar der russ på dei
ulika bilane fekk opplæring som nemnt ovanfor.
Dette har vært eit årleg tiltak der UF stiller opp. Det var russebilar både frå Volda og Ørsta, samt russebilar frå Ytre.
Politiet hadde i år fått låne ”promillebriller” frå Gjensidige. Promillebrillene
er ein type slalåm briller som det er lagt inn eit filter i slik at ein opplever
rus gjennom svekka syn og balanse. Dette er briller med forskjellig gradering av
alkohol. Den sterkaste var ca. 2,0 i promille.
Gjensidige brukar desse i trafikk førebyggande opplæring, og dei har 4 koffertar
med 6 briller i. Desse er til utlån for slike arrangement, det er berre å ta
kontakt med Gjensidige.

Dette
var briller som russen fekk ha på i ei relativt enkel løype. Det innebar å gå
langs ein strek, slalåm mellom kjegler og kaste ei flaske opp i ei kasse som
stod
Til saman var det mellom 10 og 15 bilar som var innom vegvesenet sin kontroll og UF sine postar.
Kun 3 bilar fekk ”grøne oblat”, medan 8 skal tilbake etter å ha retta på enkle ting. 2 bilar blei ilagt bruksforbod, medan ein bil var det ikkje verdt å sjå på for vegvesenet.
Det var
gode tilbakemeldinga frå russen på arrangementet.
TRAFIKKULYKKER OG
NYBIL-PROBLEMATIKK
UF Ørsta/ Volda arrangerte vårmøte måndag 4.juni 2007 ved Volda Turisthotell.
Tema for møtet var ”Energi og skademekanisme, gammal kunnskap i ny drakt.
Nybilanatomi, læra om bilkonstruksjon, kva betydning dette har for den energien
mennesket utsettes for ved ei ulykke med kjøretøy. Og kva dette kan bety for
innsatspersonell i nåtid og framtid.”
Foredragsholdar
var Trond Boye Hansen frå ambulansetenesta i Oslo og Akershus.
Boye Hansen har fylgt trafikkulykkesutviklinga på nært hald i et
forskingsprogram. Trond Boye Hansen heldt dette foredraget på UF- landsmøtet i
2006, og tok no turen til Volda til stor nytte for utrykkingspersonellet i
Volda/Ørsta regionen.
Det var ein stor andel utrykkingspersonell som tok turen til Volda Turisthotell - Porse denne junikvelden. Sjølv med varmt sommarvær var oppmøtet bra denne kvelden. Foredraget tok til kl. 19.00, og vart avslutta nærmare kl. 22.00. Det var nokre lærerike timar for dei frammøtte, og utbyttet var bra. Det var eit interessant tema som vart teke opp, og høgaktuelt for alle inviterte etatar. Det var representantar frå både Volda og Ørsta Brannvern, politiet, ambulansetjenesta og bilbergingsselskap frå Volda/Ørsta, som stilte på.
Gjennom
foredraget vart mange ulike element tekne opp i forhold til utviklinga som har
vore med bilsikkerheita siste åra. Bilkonstruksjonen
har endra seg drastisk berre dei siste ti åra. Noko som utrykkingspersonellet må
vere klar over i si vurdering av dei innvolverte pasientane.
Det vart lagt vekt på
at
ein må sjå meir heilheitleg på eit skadeområde, når ein vurderer pasientane og
alvorlegheitsgrada av ulykka. Det er framleis slik at ein ikkje skal bruke
unødig tid på skadestaden før pasienttransport, men ved tilsynelatande uskadde
pasientar må ein ta andre aspekt med i vurderinga.
Nye bilmodellar er utstyrte med ei heil rekkje sikkerheitstiltak som bl.a.
airbaggar, beltestrammarar, deformasjonssoner og sikkerheitsbur. Noko som endrar
det visuelle totalt, i forhold til eldre bilmodellar på tilsvarande ulykker.
Dette er ting ein
som utrykkingspersonell bør vere klar over og ta omsyn til i sitt arbeid.
Trond Boye Hansen har eit solid studium angåande dette temaet bak seg, og får lagt dette fram på ein oppklarande og interessant måte. Temaet vart vinkla slik at det traff alle dei ulike etatane, og passa derfor glimrande som eit tema for organisasjonen UF.
I løpet
av vårmøtet vart det sjølvsagt tid til sosialt prat, og ikkje minst eit lotteri
til inntekt for organisasjonen sitt arbeid.
REFLEKSAKSJONEN
2007
Laurdag
29. Oktober 2007
vart det halde refleksaksjon i
Ørsta.
Dette var i regi av UF Ørsta/Volda. Personell frå politiet og ambulansetenesta
stilte opp ved
Amfi-Senteret i sentrum.
Brannvesenet stilte i år
desverre ikkje opp på den årlege aksjonen. Her vart
det delt ut gratis refleks til både barn og vaksne.
Refleksa
vart sponsa av Sparebanken 1.
Refleksaksjonen har vorte
eit årleg tiltak frå UF Ørsta/Volda, og formålet er å få fleire til å bruke
refleks. Aksjonen blir kvart år halde på hausten, då den mørke årstida fort
skaper farlege situasjonar i trafikken.
Organisasjonen finn det svært viktig å forebygge ulykker, og har derfor denne
aksjonen som eit forebyggande tiltak. Det var på denne tilstellinga mogleg å ta
utrykkingskøyretøya i nærare augesyn. Både brannbil, politibil og ambulanse
kunne inspiserast av alle som var interessert.
Liknande tilstellingar har
vore holdt i sentrumsområda av Volda og Ørsta tidlegare år.
Katastrofeøving Hovden flyplass
Det
vart arrangert storøving ved Hovden flyplass, torsdag 10.05.2007. Alarmen gjekk
kl. 17.55, då ei simulert ulykke hadde funne stad i enden av landingsbana.
Scenarioet var flyhavari, der 25 skadde var involvert. Det var laga til åpen eld
på staden, i tillegg til bruk av markørar. Øvingsområdet hadde altså ulike
element ved seg, slik at alle einheiter skulle ha utbytte av øvinga.
Øvingsutvalget ved Sunnmøre Politidistrikt var ansvarleg for planlegging og
gjennomføring av øvinga.
Øvinga invollverte mange ulike yrkesgrupper i Ørsta og Volda regionen. Som førsteinnsats på øvingsområdet var Flyplassen sitt eige brannkorps - Avinor, i tillegg vart Ørsta Brannvern, Volda Brannvern, Politiet i Ørsta og Volda, og Ambulanse- og legetenesta alarmert fortløpande. Sivilforsvaret, Røde Kors både i Volda og Ørsta og Omsorgsgruppa, vart også alarmert etter reel handlingstid. Det var altså stor deltaking på katastrofeøvinga. Dei 25 markørane som deltok, var frivillege frå dei ulike etatane, samt Volda Ungdomsskule.
Øvinga
var varsla på førehand for dei innvolverte, men alle einheiter skulle ha
startpunkt
der ein reelt ville opphalde seg. Det
skulle derfor vere reell utrykningstid på alle utrykkingsetatar og grupperingar.
Øvinga vart styrt av Øvingsleiinga. Dvs. at øvinga vart fryst, dersom ein såg
det var behov for dette.
Øvinga
varte frå kl. 18.00 til 19.35. Då var skadestaden tom
for pasientar, og frakta til samleplass skadde. Flyplassen sine lokaler vart
nytta for dei ulike samleplassane. Vidare transport av skadde ut ifrå samleplass
skadde vart ikkje trent på, men pasientane vart prioritert for transport.
Etter
øvinga vart alle innvolverte samla i flyhangaren for ein kort debriefing.
Dei ulike etatane som var involvert skulle i etterkant av
øvinga, evaluere øvinga og registrere dei erfaringane som vart gjort. Det vil i
etterkant av øvinga bli halde eit møte mellom dei ulike etatane og leiinga for
øvinga. Her vil ein då sjå på kva som fungerte og kva som ikkje fungerte ved
denne øvinga. Utfallet av dette vil bli kjendt for dei innvolverte ved eit
seinare tidspunkt.
Studentar frå Medielinja ved Høgskulen i Volda deltok på øvinga som pressekorps.
TAS 2 REPETISJONSKURS
Torsdag
25. Oktober vart det halde TAS (Tverrfaglig Akuttmedisinsk Samarbeid) 2 -
Repetisjonskurs for utrykkingspersonellet i Ørsta og Volda. Kurset vart halde av
representantar frå Norsk Luftambulanse, og UF Ørsta/Volda var teknisk arrangør.
Kurset fann stad i Furene, der lokala til Fjord1 vart nytta for den teoretiske
undervisninga, medan den praktiske treninga gjekk føre seg i området ved Brenne
Brusfabrikk.
Kurset
starta med to praktiske øvingar, der frigjeringsprinsippa vart trent på, i
forhold til fastklemde personar i bilvrak. Kvar enkelt etat hadde 6
kursdeltakarar, medan dei andre frammøtte var observatørar gjennom kursdagen.
Dei to praktiske gjennomgangane skulle legge lista for undervisninga resten av
dagen.
TAS
2-kurs vart halde i området her i 2003. Sidan den gong har hurtigfrigjering både
vorte brukt på øvelsar og reelle redningsaksjonar/ulykker. Den praktiske
treninga bar preg av at utrykkingsmannskapet kjende sine arbeidsoppgåver, og
instruktørane var fornøgde med den tidsbruken kursdeltakarane brukte på
frigjeringane. Det
var eigentleg ikkje så mykje å sette fingeren på i forhold til dei praktiske
gjennomgangane, men litt småplukk var det i forhold til å verte endå meir
effektive og samkøyrde. Når dette er sagt var Repetisjonskurset lærerikt, og eit
godt tiltak for utvikle det tverrfaglige samarbeidet og ikkje minst kvar enkelt
sin kunnskap om emnet.
TAS 2 er eit to-dagerskurs i regi av NLA, som omhandler hurtigfrigjering og kommunikasjon, samhandling og ledelse i forhold til trafikkulykker. Kurs konseptet er utarbeidd av ei rekkje personar. Hurtigfrigjering har sitt utspring i ein gammal metode, som no er satt i system. Utviklarar er Trond Boye Hansen, Harald Klemetsen og Kjell Kjensli frå utrykkingsmiljøet i Oslo. I tillegg har representantar frå Bergen Brannvesen, Alvdal Brannvesen, Norges Brannskole og Norsk Luftambulanse vore med på å utvikle TAS 2 kurset.
Nyare
forskining viser at det er svært avgjerande for kritisk skadde å komme så tidleg
som råd til endelig behandling på sjukehus.
Dette bør skje innan ein
time etter at ulykka har skjedd. Grunnen til dette er at livstruande problem
vanskelig kan bli stabilisert på skadestad og under transport, spesielt indre
blødningar. Slike problem treng som regel både kirurg og operasjonsstue for å
løysast. Derfor er tidsnøda fram til den skadde kan bli tatt hand om på
operasjonsstua så stor. Alle sekunda er her dyrbare, og det er dette som ligg
til grunn for heile hurtigfrigjeringsprosjektet til NLA.
KATASROFEØVING EIKSUNDSAMBANDET
Tysdag 19.02.2008 kl. 17.30 vart
første SOS-telefonen i Eiksundtunellen teke i bruk for første gong. Denne gongen
var det ingen som var i reell naud. Det var planlagt storøving i tunellen, før
den offisielle opninga av Eiksundsambandet helga etter. Det vart sendt ut
trippelvarsling for dei tilknytta kommunane.
Det
som var tilgjengeleg frå både Brann, Ambulanse, Politi, Legestanden og
Sivilforsvaret tok del i øvinga. Det var Statens Vegvesen som hadde bestilt
øvinga, i forhold til å teste ut sikkerheita i tunellen før opninga. Som
øvingsmoment var det satt inn ein buss og personbil med markørar. Det var
brannutvikling i tunellen som vart simulert med røykkanoner. Skadeomfanget var
stort, med fleire fastklemde og kritisk skadde pasientar. Det generelle
inntrykket frå øvinga var god. Redningsarbeidet var målretta og effektivt, og
alle sikkerheitsaspekt i tunnellen fungerte som det skulle. Det tok vel ein time
etter at første brannbil var framme på ulykkesstaden til alle pasientane var
evakuerte.
UF-trening i Idrettsbygget
Vi har hatt trening i Idrettsbygget kvar onsdag kl 19.30-20.15. Vi leiger to salar, der det vert spelt fotball og landhokey. Oppmøtet har variert ein del. Det må gjerne kome fleireJ
Heimeside for UF-Ørsta/Volda
Heimesida for UF-Ørsta/Volda har, som i fjor, vorte brukt til å spre informasjon
om organisasjonen ut til både medlemar og ikkje-medlemar. På nettsida finn ein
informasjon om aktiviten til organisasjonen. Medlemar har tilgang til ei lukka
side, der styremøtereferat, medlemslister og liknande er tilgjengeleg. Ansvarleg
for dette har vore Per Kåre Rjånes. (www.uf-orstavolda.org)
Representasjon i Landsstyret
Roar Gjerde har gjennom 2007 vore representert i Landsstyret (UF Noreg) som sekretær. Han vart vald til dette vervet på Årsmøtet for UF-Norge på Starum 3. Mai 2006. Per Kåre Rjånes har også vore representert i Landstyret, men då som Webansvarleg for nettsida til UF-Norge. Han tok til på dette i Oktober 2005.
Førstehjelpsundervisning i regi av UF Ørsta/Volda
Takk til alle som har
vore med og gjort ein flott innsats for UF Ørsta/Volda gjennom 2007J
Volda 26.02-08
Roar Gjerde
Leiar i UF Ørsta/Volda