Sist oppdatert: 14. November 2008
 | Kontakt | Webdesign |          Copyright (c) UF- Ørsta/Volda 2008

Katastrofeøving Hovden flyplass

Det vart arrangert storøving ved Hovden flyplass, torsdag 10.05.2007. Alarmen gjekk kl. 17.55, då ei simulert ulykke hadde funne stad i enden av landingsbana. Scenarioet var flyhavari, der 25 skadde var involvert. Det var laga til åpen eld på staden, i tillegg til bruk av markørar. Øvingsområdet hadde altså ulike element ved seg, slik at alle einheiter skulle ha utbytte av øvinga. Øvingsutvalget ved Sunnmøre Politidistrikt var ansvarleg for planlegging og gjennomføring av øvinga.

     

Øvinga invollverte mange ulike yrkesgrupper i Ørsta og Volda regionen. Som førsteinnsats på øvingsområdet var Flyplassen sitt eige brannkorps - Avinor, i tillegg vart Ørsta Brannvern, Volda Brannvern, Politiet i Ørsta og Volda, og Ambulanse- og legetenesta alarmert fortløpande. Sivilforsvaret, Røde Kors både i Volda og Ørsta og  Omsorgsgruppa, vart også alarmert etter reel handlingstid. Det var altså stor deltaking på katastrofeøvinga. Dei 25 markørane som deltok, var frivillege frå dei ulike etatane, samt Volda Ungdomsskule.

Øvinga var varsla på førehand for dei innvolverte, men alle einheiter skulle ha startpunkt der ein reelt ville opphalde seg. Det skulle derfor vere reell utrykningstid på alle utrykkingsetatar og grupperingar. Øvinga vart styrt av Øvingsleiinga. Dvs. at øvinga vart fryst, dersom ein såg det var behov for dette.

Øvinga varte frå kl. 18.00 til 19.35. Då var skadestaden tom for pasientar, og frakta til samleplass skadde. Flyplassen sine lokaler vart nytta for dei ulike samleplassane. Vidare transport av skadde ut ifrå samleplass skadde vart ikkje trent på, men pasientane vart prioritert for transport.

Etter øvinga vart alle innvolverte samla i flyhangaren for ein kort debriefing. Dei ulike etatane som var involvert skulle i etterkant av øvinga, evaluere øvinga og registrere dei erfaringane som vart gjort. Det vil i etterkant av øvinga bli halde eit møte mellom dei ulike etatane og leiinga for øvinga. Her vil ein då sjå på kva som fungerte og kva som ikkje fungerte ved denne øvinga. Utfallet av dette vil bli kjendt for dei innvolverte ved eit seinare tidspunkt.

Sjå bilder frå Katastrofeøvinga.

Studentar frå Medielinja ved Høgskulen i Volda deltok på øvinga som pressekorps. Sjå bilder tatt av student Janne Helen Ingstad Juliussen...

 

Internett-Linkar:

Ambulanse

Brann

Politi

Fagblad:

Ambulanseforum

Brannmannen

Politiforum

Lokalt:

Ørsta Kommune

Ørsta på nettet

Volda Kommune

Nettportal Volda

Interne sider

 

 

 

 

Viktige telefonnummer:

110 Brann

112 Politi

113 Medisinsk Nødsentral