Sist oppdatert: 14. November 2008
 | Kontakt | Webdesign |          Copyright (c) UF- Ørsta/Volda 2008

TRAFIKKULYKKER OG NYBIL-PROBLEMATIKK 

UF Ørsta/ Volda arrangerte vårmøte måndag 4.juni 2007 ved Volda Turisthotell. 

Tema for møtet var ”Energi og skademekanisme, gammal kunnskap i ny drakt. Nybilanatomi, læra om bilkonstruksjon, kva betydning dette har for den energien mennesket utsettes for ved ei ulykke med kjøretøy. Og kva dette kan bety for innsatspersonell i nåtid og framtid.” 

Foredragsholder var Trond Boye Hansen frå ambulansetenesta i Oslo og Akershus.

Boye Hansen har fylgt trafikkulykkesutviklinga på nært hald i et forskingsprogram. Trond Boye Hansen heldt dette foredraget på UF- landsmøtet i 2006, og tok no turen til Volda til stor nytte for utrykkingspersonellet i Volda/Ørsta regionen.

     

Det var ein stor andel utrykkingspersonell som tok turen til Volda Turisthotell - Porse denne junikvelden. Sjølv med varmt sommarvær var oppmøtet bra denne kvelden. Foredraget tok til kl. 19.00, og vart avslutta nærmare kl. 22.00. Det var nokre lærerike timar for dei frammøtte, og utbyttet var bra. Det var eit interessant tema som vart teke opp, og høgaktuelt for alle inviterte etatar. Det var representantar frå både Volda og Ørsta Brannvern, politiet, ambulansetjenesta og bilbergingsselskap frå Volda/Ørsta, som stilte på.

Gjennom foredraget vart mange ulike element tekne opp i forhold til utviklinga som har vore med bilsikkerheita siste åra. Bilkonstruksjonen har endra seg drastisk berre dei siste ti åra. Noko som utrykkingspersonellet må vere klar over i si vurdering av dei innvolverte pasientane. Det vart lagt vekt på at ein må sjå meir heilheitleg på eit skadeområde, når ein vurderer pasientane og alvorlegheitsgrada av ulykka. Det er framleis slik at ein ikkje skal bruke unødig tid på skadestaden før pasienttransport, men ved tilsynelatande uskadde pasientar må ein ta andre aspekt med i vurderinga. Nye bilmodellar er utstyrte med ei heil rekkje sikkerheitstiltak som bl.a. airbaggar, beltestrammarar, deformasjonssoner og sikkerheitsbur. Noko som endrar det visuelle totalt, i forhold til eldre bilmodellar på tilsvarande ulykker. Dette er ting ein som utrykkingspersonell bør vere klar over og ta omsyn til i sitt arbeid.

Trond Boye Hansen har eit solid studium angåande dette temaet bak seg, og får lagt dette fram på ein oppklarande og interessant måte. Temaet vart vinkla slik at det traff alle dei ulike etatane, og passa derfor glimrande som eit tema for organisasjonen UF.

     

I løpet av vårmøtet vart det sjølvsagt tid til sosialt prat, og ikkje minst eit lotteri til inntekt for organisasjonen sitt arbeid.

 

Internett-Linkar:

Ambulanse

Brann

Politi

Fagblad:

Ambulanseforum

Brannmannen

Politiforum

Lokalt:

Ørsta Kommune

Ørsta på nettet

Volda Kommune

Nettportal Volda

Interne sider

 

 

 

 

Viktige telefonnummer:

110 Brann

112 Politi

113 Medisinsk Nødsentral