

TAS 2 REPETISJONSKURS
Torsdag 25. Oktober vart det halde TAS (Tverrfaglig Akuttmedisinsk Samarbeid) 2 - Repetisjonskurs for utrykkingspersonellet i Ørsta og Volda. Kurset vart halde av representantar frå Norsk Luftambulanse, og UF Ørsta/Volda var teknisk arrangør. Kurset fann stad i Furene, der lokala til Fjord1 vart nytta for den teoretiske undervisninga, medan den praktiske treninga gjekk føre seg i området ved Brenne Brusfabrikk.
Kurset starta med to praktiske øvingar, der frigjeringsprinsippa vart trent på, i forhold til fastklemde personar i bilvrak. Kvar enkelt etat hadde 6 kursdeltakarar, medan dei andre frammøtte var observatørar gjennom kursdagen. Dei to praktiske gjennomgangane skulle legge lista for undervisninga resten av dagen.
TAS 2-kurs vart halde i området her i 2003. Sidan den gong har hurtigfrigjering både vorte brukt på øvelsar og reelle redningsaksjonar/ulykker. Den praktiske treninga bar preg av at utrykkingsmannskapet kjende sine arbeidsoppgåver, og instruktørane var fornøgde med den tidsbruken kursdeltakarane brukte på frigjeringane. Det var eigentleg ikkje så mykje å sette fingeren på i forhold til dei praktiske gjennomgangane, men litt småplukk var det i forhold til å verte endå meir effektive og samkøyrde. Når dette er sagt var Repetisjonskurset lærerikt, og eit godt tiltak for utvikle det tverrfaglige samarbeidet og ikkje minst kvar enkelt sin kunnskap om emnet.
TAS 2 er eit to-dagerskurs i regi av NLA, som omhandler hurtigfrigjering og kommunikasjon, samhandling og ledelse i forhold til trafikkulykker. Kurs konseptet er utarbeidd av ei rekkje personar. Hurtigfrigjering har sitt utspring i ein gammal metode, som no er satt i system. Utviklarar er Trond Boye Hansen, Harald Klemetsen og Kjell Kjensli frå utrykkingsmiljøet i Oslo. I tillegg har representantar frå Bergen Brannvesen, Alvdal Brannvesen, Norges Brannskole og Norsk Luftambulanse vore med på å utvikle TAS 2 kurset.
Nyare forskining viser at det er svært avgjerande for kritisk skadde å komme så tidleg som råd til endelig behandling på sjukehus. Dette bør skje innan ein time etter at ulykka har skjedd. Grunnen til dette er at livstruande problem vanskelig kan bli stabilisert på skadestad og under transport, spesielt indre blødningar. Slike problem treng som regel både kirurg og operasjonsstue for å løysast. Derfor er tidsnøda fram til den skadde kan bli tatt hand om på operasjonsstua så stor. Alle sekunda er her dyrbare, og det er dette som ligg til grunn for heile hurtigfrigjeringsprosjektet til NLA. Les meir på NLA sine nettsider...

Internett-Linkar:
Fagblad:
Lokalt:
Viktige telefonnummer:
110 Brann
112 Politi
113 Medisinsk Nødsentral