Sist oppdatert: 14. November 2008
 | Kontakt | Webdesign |          Copyright (c) UF- Ørsta/Volda 2008

RUSSEAKSJONEN 2007

 

Bilde 

 

Tysdag 24.4.07 blei det gjennomført ein kontroll av russebilar ved trafikkstasjonen til Statens vegvesen i Hovdebygda.

 

I den forbindelse stilte UF Ørsta/ Volda opp med frivillige mannskap for at russen skulle få opplæring i bruk av pulverapparat, førstehjelp og opptreden på skadestad.

 

Volda brannvern stilte med ein mann, samt ein frå G4S. Frå ambulanse tenesta i Volda var det to mann og frå politiet var det tre mann som stillte opp.

 

   

Ved øvingsbana ved flyplassen i Hovdebygda var det delt opp i postar der russ på dei ulika bilane fekk opplæring som nemnt ovanfor.

 

Dette har vært eit årleg tiltak der UF stiller opp. Det var russebilar både frå Volda og Ørsta, samt russebilar frå Ytre.

 

  

Politiet hadde i år fått låne ”promillebriller” frå Gjensidige. Promillebrillene er ein type slalåm briller som det er lagt inn eit filter i slik at ein opplever rus gjennom svekka syn og balanse. Dette er briller med forskjellig gradering av alkohol. Den sterkaste var ca. 2,0 i promille.

   Bilde   

Gjensidige brukar desse i trafikk førebyggande opplæring, og dei har 4 koffertar med 6 briller i. Desse er til utlån for slike arrangement, det er berre å ta kontakt med Gjensidige.

 

Dette var briller som russen fekk ha på i ei relativt enkel løype. Det innebar å gå langs ein strek, slalåm mellom kjegler og kaste ei flaske opp i ei kasse som stod 2 meter vekke.

 

Til saman var det mellom 10 og 15 bilar som var innom vegvesenet sin kontroll og UF sine postar.

 

Kun 3 bilar fekk ”grøne oblat”, medan 8 skal tilbake etter å ha retta på enkle ting. 2 bilar blei ilagt bruksforbod, medan ein bil var det ikkje verdt å sjå på for vegvesenet.

 

Det var gode tilbakemeldinga frå russen på arrangementet.

 

Internett-Linkar:

Ambulanse

Brann

Politi

Fagblad:

Ambulanseforum

Brannmannen

Politiforum

Lokalt:

Ørsta Kommune

Ørsta på nettet

Volda Kommune

Nettportal Volda

Interne sider

 

 

 

 

Viktige telefonnummer:

110 Brann

112 Politi

113 Medisinsk Nødsentral