Sist oppdatert: 14. November 2008

Skredkurs i Volda

Det vart halde skredkurs for utrykkingspersonellet i Volda og Ørsta 21. mars 2006. Planen var i utgangspunktet å halde dette i UF-regi, men vart i staden organisert av representantar frå Brann og Ambulanse i Volda. Personell frå både Politi, Brann, Ambulanse og Røde Kors  var representert. Det var til saman 41 stykker som deltok på teoridelen, som vart halde i Volda Røde Kors sine lokaler.

     

I utgangspunktet var tanken at dette skulle vere eit tiltak i UF-regi. Sidan ikkje alle etatar var interessert i dette, vart ikkje det noko av. I staden vart det satt ned ei gruppe frå ulike etatar i Volda, for å planlegge eit opplegg. I forhold til fjellformasjonane i området vårt, kan skredulykke vere høgaktuelt. Derfor bør utrykkingspersonellet vere budde. I 1979 skjedde ei stor skredulykke i Ørsta, Engesetfonna, der tre mennesker omkom. Då nådde snøskredet bebyggelsen, med store materielle skader og tapte mennekseliv, som følgje. Det er derfor viktig at førstelinjemannskap har ein viss kunnskap om emnet, sjølv om eit stort hjelpeapparat blir satt i verk ved slike ulykker. Det kan lett bli vaktpersonell frå både Politi, Brann og Ambulanse som er først på ein slik skadestad. Sidan vi har mange skredutsatte områder nær oss, kan i verste fall folk bli tatt av skred både på dei trafikkerte vegane og i boligområde. Det var på dette grunnlag at kvelden vart planlagt. Tysdag 21. mars vart Jan Peder Hoggen invitert inn som forelesar. Han har brei kunnskap om emnet, og erfaringar både frå arbeid gjennom Røde Kors lokalt, på fylkesnivå og på landsbasis. Han tok for seg graderingar av skredfare, med ulike fareteikn for når ein kan vente slike ulykker. Han informerte blant anna om organisering av søk i skred, søk med bruk av skredhundar og bruk av Sendar/mottakar-utstyr.

Etter eit par timars undervisning om emnet, tok Roar Gjerde over. Han underviste ein del om førstehjelp overfor skredoffer, og vidare om generell nedkjøling (hypotermi). Han tok for seg dei ulike graderingane av hypotermi, og om tiltak som kan forebygge eller lindre tilstanden.

Inntrykket etter møtet var at deltakarane synest det var ein nyttig og kunnskapsrik kveld, der eit aktuelt tema var tatt opp. Det er vidare lagt opp til ein praktisk treningskveld i forhold til samme tema. Planen er ikkje å køyre ein normaløvelse, men heller legge det opp som ein praktisk læringssituasjon i forhold til å organisere redningsapparatet ved skredulykke.

 

Sjå bilder frå Skredkurset...