

Glattkøyringstrening
UF Ørsta Volda arrangerte glattkøyringstrening for medlemane tysdag 14.november 2006 og torsdag 16. november 2006. Glattkøyringstreninga føregjekk på NAF si glattkøyringsbane i Furene. Oddmund Liaskar tok seg av veiledning på treninga. Det var i år ikkje lagt opp til teoretisk undervisning, berre praktisk trening.
Oppmøtet var bra på dei to kveldane som var avsett for glattkøyringstrening. Det var utrykkingsetatane i Ørsta og Volda som deltok på den etterlengta treningsøkta. Tysdag 14. november var avsett til Brannvesenet i Volda og Ørsta, og torsdag 16. november til Ambulansearbeidarane og Politiet. Dei ulike etatane stilte opp med både utrykkingskøyretøy og private bilar. Det vart både trent på å hente bilane inn i igjen ved skrens, unnamanøvrering og nødbremsing. Det vart sjølvsagt mest trening med utrykkingskøyretøy, men private bilar var også å sjå på treningsområdet. Dette var som tidlegare år, eit viktig tiltak for å møte vinteren med størst muleg erfaring. Organiseringa frå UF Ørsta/Volda kom frå Even Haavik.

Internett-Linkar:
Fagblad:
Lokalt:
Viktige telefonnummer:
110 Brann
112 Politi
113 Medisinsk Nødsentral