

Refleksaksjon i Volda og Ørsta
Laurdag
4.november vart det halde refleksaksjon i Volda sentrum. Dette var i regi av UF
Ørsta/Volda. Personell frå politiet, brannvesenet og ambulansetenesta stilte opp
ved gamle busshaldeplassen i sentrum. Her vart det delt ut gratis refleks til
både barn og vaksne. Refleksa vart sponsa av ulike selskap lokalt, som bl.a.
Sparebanken 1 og Statens Vegvesen. Bakgrunnen for aksjonen var at det viser seg
at alt for få bruker refleks.
I
den mørke tida vi er inne i no, er det særdeles viktig at alle som ferdast i
trafikken tek i bruk slike effektar. Dette for å gjere seg synleg i
trafikkbildet, og dermed hindre ulykker. Organisasjonen finn det svært viktig å
forebygge ulykker, og har derfor denne aksjonen som eit forebyggande tiltak. Det
var på denne tilstellinga mogleg å ta utrykkingskøyretøya i nærare augesyn. Både
brannbil, politibil og ambulanse kunne inspiserast av alle som var interessert.
Liknande tilstelling fann stad i Ørsta laurdagen etter. Då hadde brannvesen og
ambulanse stilt seg opp ved det nye handlesenteret i Ørsta - Amfi. Grunna det
våte været denne dagen, stilte utrykkingspersonellet seg opp i inngangspartiet
ved senteret. Her vart det som i Volda, delt ut gratis refleks til alle som
ville ha. Politiet kunne desverre ikkje stille denne dagen.

UF Ørsta/Volda har delteke på liknande tilstelningar tidlegare år, der dei har fått presentert sitt arbeid, bl.a. i år 2000, 2001 og 2005.