Sist oppdatert: 14. November 2008
Årsmelding UF-Ørsta/Volda 2006 

·        UF Ørsta/Volda har gjennom 2006 hatt følgjande styre:

 

o    Einar Tore Haavik – leiar

o    Karl Petter Hove – nestleiar

o    Per Kåre Rjånes – Sekretær

o    Even Haavik – Kasserar

o    Matz Kroken Åsebø – Styremedlem

o    Agnar Jetmundsen – Styremedlem

o    Roar Gjerde – Varamedlem

o    Øystein Sørheim – Varamedlem

o    Ole Hendry Gjærset – Varamedlem

 

 

·        UF-Ørsta/Volda har gjennom 2006 hatt 3 styremøter, samt årsmøte.

 

·        UF-Ørsta/Volda har gjennom 2006 teke del i, og arrangert følgjande aktivitetar/hendingar:

 

 

Russeaksjonen 2006

 

Årets russeaksjon vart halde tysdag 9. mai 2006. I år stod UF Ørsta/Volda for aksjonen åleine, då biltilsynet hadde gjennomført sin årlege køyretøykontroll tidlegare. Det var likevel ein god del russ som tok turen innom øvingsområdet til Hovden flyplass. Dei tre utrykkingsetatane var representert med både politi, brann og ambulanse. I tillegg var Falken der, og tok del i brannslokkingsundervisninga.

 

 

 

Øvingsområdet var inndelt i postar der russen fekk undervisning i grunnleggande førstehjelp, skadestadsleiing/førsteinnsats ved trafikkulykker, og brannslokking. I kombinasjon med teoretisk informasjon, fekk alle prøve seg på dei ulike førstehjelpsmomenta og brannslokking med pulverapparat. UF Ørsta/Volda prøver på denne måten å gjere russen betre budde til å møte ulykker i trafikken, både i russeperioden og for ettertida. Oppmøtet frå russen var ikkje like stor i år som tidlegare år, men mellom 30 og 40 russ tok turen innom denne kvelden.

 

 

Refleksaksjon i Volda og Ørsta

 

Laurdag 4.november vart det halde refleksaksjon i Volda sentrum. Dette var i regi av UF Ørsta/Volda. Personell frå politiet, brannvesenet og ambulansetenesta stilte opp ved gamle busshaldeplassen i sentrum. Her vart det delt ut gratis refleks til både barn og vaksne. Refleksa vart sponsa av ulike selskap lokalt, som bl.a. Sparebanken 1 og Statens Vegvesen. Bakgrunnen for aksjonen var at det viser seg at alt for få bruker refleks. Organisasjonen finn det svært viktig å forebygge ulykker, og hadde derfor denne aksjonen som eit forebyggande tiltak. Det var på denne tilstellinga mogleg å ta utrykkingskøyretøya i nærare augesyn. Både brannbil, politibil og ambulanse kunne inspiserast av alle som var interessert. Liknande tilstelling fann stad i Ørsta laurdagen etter. Då hadde brannvesen og ambulanse stilt seg opp ved det nye handlesenteret i Ørsta - Amfi. Grunna det våte været denne dagen, stilte utrykkingspersonellet seg opp i inngangspartiet ved senteret. Her vart det som i Volda, delt ut gratis refleks til alle som ville ha. Politiet kunne dessverre ikkje stille denne dagen.

 

Glattkøyringstrening

 

UF Ørsta Volda arrangerte glattkøyringstrening for medlemane tysdag 14.november 2006 og torsdag 16. november 2006. Glattkøyringstreninga føregjekk på NAF si glattkøyringsbane i Furene. Oddmund Liaskar tok seg av veiledning på treninga. Det var i år ikkje lagt opp til teoretisk undervisning, berre praktisk trening.

Oppmøtet var bra på dei to kveldane som var avsett for glattkøyringstrening. Det var utrykkingsetatane i Ørsta og Volda som deltok på den etterlengta treningsøkta. Tysdag 14. november var avsett til Brannvesenet i Volda og Ørsta, og torsdag 16. november til Ambulansearbeidarane og Politiet. Dei ulike etatane stilte opp med både utrykkingskøyretøy og private bilar.  Det vart både trent på å hente bilane inn i igjen ved skrens, unnamanøvrering og nødbremsing. Det vart sjølvsagt mest trening med utrykkingskøyretøy, men private bilar var også å sjå på treningsområdet. Dette var som tidlegare år, eit viktig tiltak for å møte vinteren med størst mogleg erfaring. Organiseringa frå UF Ørsta/Volda kom frå Even Haavik.

 

 

UF-trening i Idrettsbygget

 

Vi har hatt trening i Idrettsbygget kvar onsdag kl 19.30-20.15. Vi leiger to salar, der det vert spelt fotball og landhokey. Oppmøtet har variert ein del, men generelt har interessa vore bra.

 

Heimeside for UF-Ørsta/Volda

 

Heimesida for UF-Ørsta/Volda har som i fjor, vorte brukt til å spre informasjon om organisasjonen ut til både medlemar og ikkje-medlemar. På nettsida finn ein informasjon om aktiviten til organisasjonen. Medlemar har tilgang til ei lukka side, der styremøtereferat, medlemslister og liknande er tilgjengeleg. Ansvarleg for dette har vore Per Kåre Rjånes.

 

UF-Spinning

 

Det har igjennom året vore arrangert Spinning for UF medlemmar. Dette har funne stad på Volda Treningssenter kvar fredag kl. 18.15-19.45. Initativtakar og instruktør for treninga har vore Jan Erik Kristiansen frå Volda Brannvern. Til forskjell frå i fjor har treninga vorte utvida med styrketrening i sal etter ei spinningøkt på 45. min. Dei økonomiske utgiftene for treninga har anten vorte dekt av dei ulike arbeidsgivarane, eller dei enkelte deltakarane.

 

Representasjon i Landsstyret

 

Roar Gjerde har gjennom 2006 vore representert i Landsstyret (UF Noreg) som sekretær. Han vart vald til dette vervet på Årsmøtet for UF-Norge på Starum 3. Mai 2006. Per Kåre Rjånes har også vore representert i Landstyret, men då som Webansvarleg for nettsida til UF-Norge. Han tok til på dette i Oktober 2005.

 

Skredkurs i Volda

 

Det vart halde skredkurs for utrykkingspersonellet i Volda og Ørsta 21. mars 2006. Planen var i utgangspunktet å halde dette i UF-regi, men vart i staden organisert av representantar frå Brann og Ambulanse i Volda. Personell frå både Politi, Brann, Ambulanse og Røde Kors  var representert. Det var til saman 41 stykker som deltok på teoridelen, som vart halde i Volda Røde Kors sine lokaler.

 

 

I utgangspunktet var tanken at dette skulle vere eit tiltak i UF-regi. Sidan ikkje alle etatar var interessert i dette, vart ikkje det noko av. I staden vart det satt ned ei gruppe frå ulike etatar i Volda, for å planlegge eit opplegg. I forhold til fjellformasjonane i området vårt, kan skredulykke vere høgaktuelt. Derfor bør utrykkingspersonellet vere budde. I 1979 skjedde ei stor skredulykke i Ørsta, Engesetfonna, der tre mennesker omkom. Då nådde snøskredet bebyggelsen, med store materielle skader og tapte mennekseliv, som følgje. Det er derfor viktig at førstelinjemannskap har ein viss kunnskap om emnet, sjølv om eit stort hjelpeapparat blir satt i verk ved slike ulykker. Det kan lett bli vaktpersonell frå både Politi, Brann og Ambulanse som er først på ein slik skadestad. Sidan vi har mange skredutsatte områder nær oss, kan i verste fall folk bli tatt av skred både på dei trafikkerte vegane og i boligområde. Det var på dette grunnlag at kvelden vart planlagt. Tysdag 21. mars vart Jan Peder Hoggen invitert inn som forelesar. Han har brei kunnskap om emnet, og erfaringar både frå arbeid gjennom Røde Kors lokalt, på fylkesnivå og på landsbasis. Han tok for seg graderingar av skredfare, med ulike fareteikn for når ein kan vente slike ulykker. Han informerte blant anna om organisering av søk i skred, søk med bruk av skredhundar og bruk av Sendar/mottakar-utstyr.

Etter eit par timars undervisning om emnet, tok Roar Gjerde over. Han underviste ein del om førstehjelp overfor skredoffer, og vidare om generell nedkjøling (hypotermi). Han tok for seg dei ulike graderingane av hypotermi, og om tiltak som kan forebygge eller lindre tilstanden.

 

Førstehjelpsundervisning i regi av UF Ørsta/Volda

 

Følgjande førstehjelpskurs har vorte halde;

 

 

www.uf-orstavolda.org 

Takk til alle som har gjort ein innsats for UF-Ørsta/Volda i år.

Volda 8. mars 2007

 

 

 

 

Einar Tore Haavik,

Leiar UF Ørsta/Volda