

Årsmelding UF-Ørsta/Volda 2005
· UF Ørsta/Volda har gjennom 2005 hatt følgjande styre:
o Roar Gjerde – leiar (Einar Tore Haavik tok over 15.11.05)
o Einar Tore Haavik – nestleiar (Karl Petter Hove tok over 15.11.05)
o Per Kåre Rjånes – Sekretær
o Even Haavik – Kasserar
o Guttorm Hagen – Styremedlem
o Agnar Jetmundsen – Styremedlem
o Karl Petter Hove – Varamedlem (Roar Gjerde tok over 15.11.05)
o Øystein Sørheim – Varamedlem
o Ole Hendry Gjærset – Varamedlem
Roar Gjerde trakk seg som leiar for det lokale valet 15. november 2005. Grunnen for dette var at han tok på seg leiarfunksjon for Ambulanseavdelinga v/Helse Sunnmøre HF - Volda Sjukehus. Dei to leiarfunksjonane er ikkje forenlig, og han gjekk derfor av. Nestleiar Einar Tore Haavik, blei derfor ny leiar for UF Ørsta/Volda. Vararepresentant Karl Petter Hove tok på seg nestleiarfunksjonen inntil årsmøte 2005, og Roar Gjerde vart vararepresentant for Karl Petter Hove.
· UF-Ørsta/Volda har gjennom 2005 hatt 3 styremøter, samt årsmøte.
· UF-Ørsta/Volda har gjennom 2005 teke del i, og arrangert følgjande aktivitetar/hendingar:
Russeaksjonen 2005
Årets russeaksjon vart halde tysdag 20. april 2005. Aksjonen vart i år organisert på ein litt annan måte enn tidlegare år, med eit tettare samarbeid med Biltilsynet. Biltilsynet organiserte køyretøykontroll på alle av dei frammøtte russebilane ved vegstasjonen i Hovdebygda. Dei bilane som var i forskriftsmessig stand, fekk grønt oblat på bilane som bevis på at bilen var godkjendt som russebil. Alle godkjende russebilar fekk også utdelt førstehjelpsutstyr til odel og eige. Representantar frå Politiet og Ambulanse gav informasjon til russen, medan bilane vart kontrollert. Informajonen gjekk ut på opptreden på skadestad, og gjennomgang av førstehjelpsutstyret dei fekk utdelt.

Etter gjennomgått køyretøykontroll, tok russen ein tur nedom Øvingsområdet for Hovden flyplass. Der var representantar frå ambulansetenesta, Volda Brannvern og Falken. Her fekk russen montert inn brannslokkningsapparat i bilane, og trene på brannslokking med pulverapparat. Det vart vidare organisert førstehjelpspostar, der russen fekk både teoretisk og praktisk undervisning i grunnleggande førstehjelp.
Oppmøtet frå russen var i år stor. Heile 15 russebilar var til kontroll, og mellom 70 og 80 russ møtte.
Blålysshow i Ørsta Sentrum
Etter ønske frå Ørsta Handelsforeining, stilte UF Ørsta/Volda opp i Ørsta sentrum fredag 6.Mai 2005. I forbindelse med langåpne butikkar, var altså UF Ørsta/Volda representert med både Brannbil, Ambulanse og Politi. Utrykkingseinheitene hadde stasjonert seg i Vikegata ved Fokus Kjøpesenter. Mange born og vaksne kom til, for å ta bilane i nærare augesyn. Politihunden Odin var eit svært populært innslag. Den gule ambulansa til HF Sunnmøre, fekk også litt ekstra merksemd.

Temakveld om Trafikkulykker
Fredag 27. Mai 2005 vart det halde temakveld på Røde Kors huset i Volda, for UF Ørsta/Volda sine medlemar. Møtet tok til klokka 19.00, og ca. 35 medlemar møtte. Tema for kvelden var trafikkulykker, med fokus på det tverrfaglege arbeidet som blir utført. To større ulykker som har skjedd i vårt distrikt det siste året, vart gjennomgått. Ulykkesarbeidet vart sett på både frå politiet, ambulansearbeidarane og brannmannskapet sin synsvinkel. Ein representant frå kvar etat, gjekk gjennom ulykkene. Det vart satt fokus både på utfordringar vi møter ved slike aksjonar, og det generelle arbeidet som vart utført. Temakvelden fungerte nok for enkelte som ein debriefing, i tillegg til å vere ein måte å dele erfaringar på. Det har vore holdt debriefingar tidlegare for desse ulykkene, men aksjonane var endå ikkje utdebattert. Det vart nok for samtlege ein lærerik kveld, sjølv om ein ikkje hadde delteke på redningsarbeidet.

Statens Vegvesen v/Runar Larsen, var invitert til denne kvelden. Larsen og kollega informerte om Statens Vegvesen sitt arbeid i etterkant av slike ulykker. Dei har eit stort arbeid i forhold til å finne ut av kva som har skjedd, og kvifor. Det blir etter alle slike ulykker utarbeidd rapportar for dette. Både for å dokumentere, og for å finne grunnlag for vidare tryggleikstiltak i trafikken. Runar Larsen gjekk igjennom ulykkene, i forhold til dei rapportane som var utarbeidd. Dette var både lærerikt og interessant. Medlemane fekk nok meir forståelse for deira arbeid, og vart klar over hensyn ein bør ta for ikkje å gjere arbeidet deira vanskelegare.
Som ved tidlegare samankomstar vart det halde lotteri, der overskuddet gjekk til driftinga av organisasjonen.
Glattkøyringstrening
UF Ørsta Volda arrangerte glattkøyringstrening for medlemane tysdag 15.november 2005 og torsdag 17. november 2005. Aarseth Trafikkskule tok seg av gjennomføringa, som vart halde på NAF si glattkøyringsbane ved flyplassen.
Oppmøtet var bra på dei to kveldane som var avsett for glattkøyringstrening. Det var utrykkingsetatane i Ørsta og Volda som deltok på den etterlengta treningsøkta. Tysdag 15. november var avsett til Ambulansearbeidarane og Politiet, og torsdag 17 november til Brannetatane. Dei ulike etatane stilte opp med både utrykkingskøyretøy og private bilar. Med ein god del nylagt snø, var vinterforholda topp på øvingsbanene til NAF. Utbyttet for medlemane var god, i forhold til at forholda var som dei var. Aarseth Trafikkskule var tilstades begge kveldane, for å sjå til at alt føregjekk på fornuftig vis, og for å rettleie sjåførane på best muleg måte. Det vart både trent på å hente bilane inn i igjen ved skrens, unnamanøvrering og nødbremsing. Det vart sjølvsagt mest trening med utrykkingskøyretøy, men private bilar var også å sjå på treningsområdet. Dette var som tidlegare år, eit viktig tiltak for å møte vinteren med størst muleg erfaring. Organiseringa frå UF Ørsta/Volda kom frå Even Haavik.
Fyrverkerioppskyting
UF-Ørsta/Volda
deltok i fyrverkerioppskyting i Volda Sentrum onsdag 21.desember, då
handelsforeininga i Volda hadde førjulsfeiring med
bl.a. fyrverkeri og langåpne butikkar. Utgiftene til fyrverkeriet vart dekt av
Handelsforeininga, medan Einar Tore Haavik, Jørn Halse, Even Haavik, Stian Meek
og Roar Gjerde tok seg av oppskytinga.
UF-trening i Idrettsbygget
Vi har trening i Idrettsbygget kvar onsdag kl 1930-2015. Vi leiger to salar, der det vert spelt fotball og landhokey. Oppmøtet har variert ein del, men generelt har interessa vore stor.
Heimeside for UF-Ørsta/Volda
Heimesida for UF-Ørsta/Volda har som i fjor, vorte brukt til å spre informasjon om organisasjonen ut til både medlemar og ikkje-medlemar. På nettsida finn ein informasjon om aktiviten til organisasjonen. Medlemar har tilgang til ei lukka side, der styremøtereferat, medlemslister og liknande er tilgjengeleg.
UF-Spinning
På hausten 2005 vart det tatt initativ frå Jan Erik Kristiansen i Volda Brannvern, om å starte med Spinningtrening for UF medlemmar. Han jobbar ved Trening Volda, og fekk til ein spinningtime kvar fredag kl. 19.00 til 20.00, etter stengetid. Han ville sjølv ikkje ta betalt for denne treningstimen, men vi leiger salen for 300 kroner pr.gang, som vi samler inn frå kvar etat. Oppmøtet på Spinningtimane har vore bra.
Representasjon i Landsstyret
Gjennom år 2005 har Roar Gjerde vore representert i Landsstyret som vararepresentant. Han gjekk inn i dette vervet i 2004, og sitt til Landsmøtet i 2006. Per Kåre Rjånes er også vorten representert i Landstyret, som Webansvarleg for nettsida til UF-Norge. Han tok til på dette i Oktober 2005.
www.uf-orstavolda.org
Takk til alle som har gjort ein innsats for UF-Ørsta/Volda i år.
Volda 1 februar 2006
Einar Tore Haavik,
Leiar UF Ørsta/Volda