Sist oppdatert: 14. November 2008

Tunnelløving i Rotsethorntunnellen

Onsdag 10.november 2004, vart det halde tverrfagleg øving i Rotsethorntunnellen. Initiativet kom frå Volda Brannvern v/Roy Inge Heltne, med hjelp til organisering av Roar Gjerde (ambulansetenesta) og Øystein Sørheim (politiet). Det vart laga til eit ulykkessenario, der personbil frontkolliderte med varebil. Alarmen vart utløyst etter at ein av tunnell-telefonane vart teke i bruk ca kl 18.20. Alarmen gjekk dermed ut til både Volda Brannvern, Politiet og Ambulansetenesta. Brannbefal frå Volda Brannvern var først på ulykkesstaden. Situsjonen vart raskt avklart, før Ambulanse, Brannmannskap og Politi fekk komme inn i området.

Fire personar var innvolvert i den iscenesatte ulykka, der to var kritisk skadd, ein ikkje-kritisk og ein død. Markørane vart tekne hand om av både ambulansearbeidarar og brannmannskap. Livreddande tiltak vart satt i verk i form av stabilisering av nakke/rygg, oksgenbehandling og hurtigfrigjering med backboard. Varebilen vart frigjort med spredar og klippe-utstyr, då dørene var fastklemde. Personbilen, som var satt opp med to dokker som markørar, vart hurtigfrigjort etter hurtigfrigjeringsprinsippet. Dvs. at bilen vart trukken ut igjen, ved hjelp av kjetting og bilkraft. Dette for å få frigjort pasientane på ein hurtig og skånsom måte.

Øvinga vart avslutta ca. kl. 1930. Øvinga fann stad i tunnelldelen ut mot Grevsneset. Hovudtunnellen vart stengd i mellom kl. 18.20 og 18.35. Dette på grunn av den store trafikken av utrykningskøyretøy inn til skadestaden. Politiet tok seg av trafikkdirigeringa, medan mannskap frå brann og ambulanse jobba på staden.

Det heile vart avslutta med debriefing på Brannstasjonen i Volda. Der vart øvinga gjennomgått, og ting vart drøfta mellom dei innvolverte. Både positive og negative synspunkt kom fram, og vil vere erfaringar å ta med seg vidare. Alle er nok einige i at øvingar av denne typen er viktig, for å få til eit godt tverrfagleg samarbeid. Det er vel ingen tvil om at erfaringane som blir gjort, kjem både redningsmannskapet og publikum til gode.

Sjå fleire bilder

Sjå filmklipp frå øving