

PROSJEKT BYGDEBRANNVERN
Dravlaus
Våren 2004 starta UF Ørsta/Volda med eit tiltak kalla "Prosjekt Bygdebrannvern". Dette gjekk ut på at representantar frå Ambulansetenesta holdt førstehjelpskurs for mannskapet ved bygdebrannstasjonane i Volda- og Ørsta-kommune. Dette vart starta opp etter at UF Ørsta/Volda fekk ein stønad på 50.000 kroner, frå Sparebanken Volda/Ørsta. Undervisninga har lagt vekt på førstehjelp overfor traumepasientar ved trafikkulykker. Bakgrunnen for dette tiltaket, er at brannmannskapa ofte er førsteinnsatspersonell ved ulykker i distrikta. Dette grunna at det tek ei tid før Helseetaten er representert, med sin lokalisasjon ved Volda Sjukehus.
Laurdag 16. Oktober vart det fjerde og siste førstehjelpskurset gjennomført. Dette vart halde på Dravlaus Skule, for brannmannskapet ved Dravlaus- og Steinsvik-bygdebrannstasjon. 12 mann stilte på kurset, så oppmøtet var bra. Alle ni bygdebrannstasjonane i Ørsta og Volda kommune, har i løpet av 2004 gjennomført kurset. Tilbakemeldinga frå kursdeltakarane har vore god, så det virker som at utbyttet av undervisninga har vore bra. Dei fire førstehjelpskursa, vart arrangert av ambulansearbeidarar frå Ambulansetenesta. På Dravlaus var det Arve Rødvik og Roar Gjerde, som underviste.
Leiar i UF Ørsta/Volda, Roar Gjerde, har i etterkant av kursa sendt ut brev til bygdebrannstasjonane, for å få tilbakemelding på ønsker for materiellinnkjøp. Kvar stasjon får 3000 kroner til disposisjon, for innkjøp av førstehjelpsutstyr eller redningsteknisk-utstyr. Dette er gåvepengar frå Sparebanken Volda/Ørsta. Innkjøpet vil bli gjort, så snart ein har fått tilbakemeldingane i hende.
Les om kurset på Sæbø og Austefjorden.
"Prosjekt Bygdebrannvern" er sponsa av: