Sist oppdatert: 14. November 2008

Kveldssete i Aasentunet tysdag 13 mai med tema :

Om myter og katastrofer generelt. ”Tida lækjer ikkje alle sår.”

 

 

Leiar i UF –Ørsta/Volda Roar Gjerde innleia møtet, og overlet ordet til kveldens foredragshaldar Steinar Rishaug. Møtet starta kl 1900.

Steinar Rishaug er utdanna prest og er vidareutdanna som famileterapeut. Han jobbar som nordsjøprest.

 

Det var 96 personar som hadde møtt fram på Aasentunet denne kvelden. Representantane kom frå Norske Redningshundar, Ørsta og Volda Røde Kors, Sivilforsvaret, kommunehelsetjenesta, anestesiavdelinga ved Volda sjukehus, AMK/Mottak, 110 sentralen, lensmannskontoret i Volda og Ørsta, Brannvernet i Ørsta og Volda og Ambulansetjenesta i Volda.

 

Rishaug starta foredraget sitt med å seie at ei katastrofe gjer noko med oss, stadig nye opplevingar tek vi med oss vidare. Vi kan ikkje kvitte oss med historia, den ber vi med oss heile livet. Han brukte den russiske ”babuska dokka” laga av tre som bilete på dette. Denne har fleire smådokker inni seg, alt me opplever gjennom livet tek me med oss vidare uansett om me er privatpersonar eller hjelpemannskap. ”Tida lækjer ikkje alle sår”.

 

Etter dette snakka han om reaksjonar som folk kan oppleve når dei vert utsett for ei katastrofe, og dei ulike fasene i krisebearbeiding.

Han snakka om korleis debrife hjelpemannskap etter ei ulykke med sterke inntrykk. Dei som bør vere med på ei debrifing skal vere dei som har vore i same situasjon, at alle har vore med på arbeidet kring ei katastrofe. Gruppa bør ikkje vere for stor, kanskje 8 til 10 personar. Rishaug hadde svært gode erfaringar med psykologisk debrifing i samarbeid med krisepsykolog. Salen kom med innspel på at det var delte erfaringar med psykologar til hjelp til dette, og er vel samde i at det då må vere spesialistar innan krisepsykologi som kan vere til hjelp.

 

I pausa var det lotteri til inntekt til UF Ørsta/Volda, gevinstane hadde vi fått frå Bilvarehuset i Hovdebygda, Shell i Ørsta og Volda, Coop Byggmix, Volda Jarn og Farge, Tilseth Hagesenter.

 

Etter pause vart det opna for spørsmål /kommentarar frå salen.

 

Møtet vart avslutta ca 2105