

Beredskapen på Volda Sjukehus fungerte godt
Ulykkesberedskapen på Volda sjukehus fungerte godt i samband med bussulykka på Krumsvikneset ved Folkestad. Ikkje minst fungerte sambandet godt. Sjukehuset vart tidleg merksame på at det ikkje var snakk om alvorlege skader. Dermed unngjekk ein å setje det heilt store apparatet i gang.
Vi fekk om lag med det same høyre at dei som hadde vore om bord i bussen kravla eller gjekk opp til vegen. Då forsto vi at det ikkje var snakk om noko alvorleg ulykke, fortell sjefslege Yngve Norderval ved Volda Sjukehus.
Sjukehuset har utarbeidd ein detaljert beredskapsplan som skal følgjast ved større ulykker. Denne vart også teken i bruk ved denne ulykka. Planen tek føre seg alt frå utrykking til innkalling og omdisponering av ressursar, samt til å opprette kontakt med helikopter og andre sjukehus for mottak av skadde personar.
Mørebil-direktør Magne Hetle imponert over sjukehuset :
Vi må ikkje tukle med akuttberedskapen
Bussulykka på Folkestad har lært oss at vi ikkje må tukle med akuttberedskapen ved Volda Sjukehus. For dei av oss som ikkje var klare over det frå før : Akuttberedskapen må vi ha i eit så stort område som Søre Sunnmøre, seier direktør Magne Hetle i Mørebil AS.
Han er imponert over bergingsarbeidet etter ulykka, og ikkje minst korleis Volda Sjukehus mobiliserte og viste kor viktig det er å ha eit sjukehus i nærleiken. Då ulykka skjedde, ville det ha vore uråd å kome til med helikopter grunna veret. Eit helikopter måtte ha kome heilt frå Ørlandet. Han ber lokalsamfunnet slå ring om sjukehuset, og bruke denne ulykka til å synleggjere kor viktig ein lokal beredskap er.

Bilde er utlånt av Møre