Sist oppdatert: 14. November 2008

Presenterer seg :

BLÅLYS I VIKEGATA !

TIL ALLE BORN :

Kom og Sjå

POLITIBIL- BRANNBIL- SJUKEBIL

 

Utrykkingspersonellet er avhengig av eit godt samarbeid med publikum.  Ikkje berre for å kome oss fram langs vegane og for arbeidsrom på skadestaden, men også for informasjon, understrekar lensmansbetjent Pål Inge Olsen.

 Han er leiar for Utrykkingspersonellets Fellesutvalg (UF) for Ørsta/Volda.


I samarbeid med handelsforeninga i Ørsta og Volda stilte organisasjonen med brannbil, politibil og ambulanse i sentrumsgatene der born og vaksne flokka seg rundt blålysa. Ei av oppgåvene var og ufarleggjere utrykkingskøyretya. Det vart delt ut refleks og alle som ynskte fekk prøvesitje dei forskjellige utrykkingsbilane, samt dei vaksne fekk målt blodtrykk av ambulansepersonellet. Responsen var stor, og aksjonen i så måte svært vellykka, oppsummerer Olsen. Han hadde fleire siktemål. Først og fremst å profilere organisasjonen og informere om arbeidet. – Men også å gjere folk flest meir medvitne om arbeidet vårt og dei vilkåra vi arbeider under. Vi treng samarbeid med publikum. Det gjeld ikkje berre oss i politiet, men også brannvernet og ambulansepersonellet.  

Men utrykkingspersonellet treng også eit godt samarbeid seg i mellom. Det er også grunnen til at lokallaget er skipa. Dess betre samarbeid vi etablerer oss i mellom på førehand, dess betre samarbeidar vi på ein skadestad. UF Ørsta/Volda har på dette grunnlag sett seg føre og skulere sine medlemmar i aktuelle emne. Det vert endå viktigare framover trur Olsen. For dei offentlege budsjetta vert stadig knappare, og gjer det vanskeleg med fagleg oppdatering. I denne situasjone kan lokallaget hjelpe til.

 

 Bilda er utlånt av Møre-Nytt