Sist oppdatert: 14. November 2008

Kollegatreff -

Erfaring kring trafikkulykke i Rotsethorntunellen

Leiarn i UF Pål Inge Olsen ynskte på vegne av styret velkomen til det andre kollegatreffet i UF Ørsta/Volda si historie. Det var svært godt frammøte, og alle er samde om at vi treng slike kollegatreff i blant for og styrke samarbeidet og ikkje minst knyte eit nærare kjennskap til kvarandre.

 Roar Gjerde, frå ambulansetenesta orienterte så om dagens tema som var

- Erfaringar kring trafikkulykke i Rotesethorntunellen - deretter gav han ordet til Einar Rostad som var skadestadsleiar under denne ulykka.

Lensmannsbetjent Einar Rostad fortalde korleis han opplevde dei første minutta inne i tunellen der han berre kunne konstantere at det ikkje var noko å gjere for personane inne i den smadra ulykkesbilen som sto i full fyr. – Det var fryktelig skremande å stå der med pustevanskar og utan sikker rettningssans. Eg såg ikkje att bilen eg hadde ståande berre nokre steg unna, men heldigvis gjekk eg rett på bilen og kom meg unna. Situasjonen oppsto så ufatteleg brått, og personleg opplevde eg det heile svært dramatisk.

Brannvernet var representert av Kollbein Halkjelsvik og Torgeir Stensø. Dei  fortalde korleis dei opplevde å måtte gjere retrett då dei prøvde å kome seg inn frå Volda sida av tunellen.

Det blei så vist en videosekvens over tunellen, der vi mellom anna fekk sjå kvar ulykkespunkte var.


Etter den faglege biten vart det servert middag med sosialt samvære etterpå. 

 

Bilder frå kollegatreffet –Viking Fjord Hotell 17.11.00