Sist oppdatert: 14. November 2008

UF Ørsta / Volda har i 1999 hatt fylgjande tillitsvalgte :

Leiar : Pål Inge Olsen - Politi

Nestleiar : Roar Gjerde - Ambulanse

Sekretær : Grete Bjørdalsbakke Mo - Ambulanse

Kasserar : Øystein Sørheim – Politi

Styremedlem : Arne Hjorthaug - Brann

Styremedlem : Svein Arnesen – Brann

UF Ørsta / Volda har i 1999 hatt 5 styremøter og handsama 16 saker.

Det har vore halde eIt fellesmøte.

Presseomtale

Møre, Møre-Nytt og Sunnmørsposten vart invitert til informasjonsmøte på brannstasjonen i Volda den 16.02. På dette møtet vart det informert om UF og kva målsetting vi har med eit

slikt fellesutvalg.

Medlemskort

Etter ynskje frå medlemane har vi fått laga eit medlemskort for UF Ørsta /Volda.

Volda Branntrygdelag har gitt oss økonomisk støtte med Kr. 1000,- mot ei annonse på baksida av medlemskortet. Medlemane har betalt Kr. 50,- for kortet som ei eingongsavgift. Dette har bidratt til ein ”kjærkomen” startkapital.

Trafikkdag

Russen i Volda har årleg ein trafikkdag , og i den samanheng vart vi forespurt om hjelp til arrangemanget med tema : Russen sine haldningar i trafikken og på offentlege stadar, samt korleis ein skal te seg som første mann på ein skadestad.

Det vart laga til ein skadestad der Pål Inge Olsen frå politiet snakka litt om haldningar, og deretter tok Arve Rødvik og Hogne Grebstad frå Ambulansen føre seg opptreden på skadestad.

Landsmøte i UF Norge

Styret vedtok og sende leiar og nestleiar til landsmøte i UF som vart arrangert i Drøbak

28 mai. Styret synest det er viktig at vi tek del og viser interesse for det som skjer på landsbasis. Vi ser også stor verdi av å treffe andre kollegaer, samt å få nye idear om korleis

vi kan drive UF.

Undervisning

Roar Gjerde og Even Håvik har halde førstehjelpskurs for dei tilsette i Trollsletta Barnehage.

Inntekta av dette kurset gjekk til UF.

UF- Ørsta/Volda – Årsmelding-99

NLA Kurs.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse arrangerer årleg kurs der dei gir økonomisk støtte.

UF Ørsta/Volda søkte om støtte til å arrangere eit av kursa i Tverfagleg akuttmedisinsk samarbeid. Desverre fekk vi avslag.

Kollegatreff

I juni arrangerte vi det første kollegatreffet på Volda Turisthotell med godt frammøte. Temaet denne kvelden var Rotsethorn tunellen. Leiaren i UF Ørsta/Volda, Pål Inge Olsen, ynskte velkomen og refererte frå landsmøte i UF Norge, samt om arbeidet i UF lokalt så langt. Etter dette orienterte prosjektleiar Rolf Arne Hamre om tunellen med påfylgjande synfaring. Kvelden vart avslutta med god mat og sosialt samvær.

Nedlegging av brannkorps på bygdene

UF vart gjennom medlemane gjort kjent med at tre brannkorps i Volda Kommune skulle leggast ned. I den samanheng skreiv UF eit brev til Volda Kommune, der ein oppmoda på det sterkaste om å oppretthalde bygdestasjonane som en del av eit felles redningsteam. Brevet vart refferert i Møre og Sunnmørsposten. I tillegg hadde radio Volda og NRK`s distriktssending eit intervju med leiaren i UF, Pål Inge Olsen.

Glattkøyring

Etter ynskje frå medlemane i UF bestemte styret seg for å arrangere glattkøyringskurs på NAF bana i Hovdebygda. Kurset vart gjennomført over 6 kveldar, med godt frammøte. Vi vil i den samanheng få rette ei stor takk til Arne Hjorthaug for at han stilde opp som instruktør alle desse kveldane.

Ørsta 14.02.00

__________________ _____________________ _____________________

Pål Inge Olsen Grete Bjørdalsbakke Mo Øystein Sørheim

_____________ __________________ _____________________

Svein Arnesen Roar Gjerde Arne Hjorthaug

UF- Ørsta/Volda – Årsmelding-99