Sist oppdatert: 14. November 2008

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE 1999

Leiaren Pål Inge Olsen opna møtet med å ynskje alle velkomen til det fyrste årsmøtet i

regi av UF Ørsta/Volda. Møtet vart halde på sjukehuset i Volda der 22 medlemar møtte fram.

Etter dette var det godkjenning av innkalling og sakliste.

Desse vart godkjent utan merknadar.

Valg av møteleiar, referent og to til å skrive under møteprotokollen.

Møteleiar : Pål Inge Olsen

Referent : Grete Bjørdalsbakke Mo

To til å skrive under møteprotokollen : Jørn Skare - Brann Ørsta

Hogne Grebstad – Ambulanse

Styret la fram forslag om godkjenning av årsmeldinga for 1999.

Grete Bjørdalsbakke Mo las opp årsmeldinga, og den vart godkjend utan merknader.

Styret la fram forslag om godkjenning av rekneskapet for 1999.

Øystein Sørheim gjekk gjennom rekneskapet, og dette vart godkjendt utan merknader.

Innkomne framlegg

Vedtekter
Styret la fram forslag om godkjenning av framlegg til vedtekter for UF Ørsta/Volda.

Pål Inge Olsen gjekk igjennom vedtektene, og dei vart godkjende utan merknader.

Køyregodtgjersle
Styret la fram forslag til vedtak : Reise til landsmøte eller andre møter/aktivitetar som

styret har vedteke å sende representantar til, skal godtgjerast med Kr. 2,50 pr. km.

Jostein Vatne la fram nytt forslag om at ein skal godtgjere bruk av privatbil etter statens regulativ. Dette framlegget vart enstemmig vedteke.

”Traume 2000”
Roar Gjerde refererte frå eit tverrfagleg seminar om traume-behandling som vart arrangert

i Oslo. Seminaret samla 350 legar, sjukepleiarar, ambulansepersonell, brannmanskap og politi frå heile landet.

Sentrale tema var :

® Samarbeid på ulykkesstaden for alle etatar - trippelvarsling.

® Væskebehandling av traumatiserte pasientar.

Innkomne framlegg.

Handlingsplan
Roar Gjerde la fram forslag til handlingsplan. Sjå vedlegg.

TAS Kurs.

Karl Petter Hove orienterte om Tverrfagleg akuttmedisinsk samarbeid (TAS) som er eit prosjekt som skal bidra til akuttmedisinsk opplæring blant utrykkningspersonell

(helse, brann og politi)

Meir enn 150 kommunar har søkt om å få arrangere TAS-kurs. Møre og Romsdal er det fylket der flest kommunar har søkt i forhold til landsgjennomsnittet.

Det er i dag utført nærare 50 kurs rundt om i landet. Mange stadar samarbeidar fleire kommunar om eit kurs. Her i fylket er det 11 kommunar som har fått arrangere TAS-kurs, men framleis står det att 12 kommunar. Det som er nytt av året, er at samtlege kommunar som har søkt, vil få arrangere TAS-kurs. Dette på grunn av at medlemmane i Stiftelsen Norsk Luftambulanse har gitt pengar i form av gåver øyremerka TAS-prosjektet. Denne gaveaksjonen har foregått i 3 omgangar, og det er samla inn heile 16.000.000 kroner.

Det vil verte halde 2, kanskje 3 kurs til her i fylket i år, men det er usikkert om Ørsta/Volda er blant desse. Innan år 2001 skal alle kommunar i fylket ha fått kurs.

Det kan også søkjast om støtte til andre kurs om det er ynskjeleg. For å få støtte må det være kurs som fremmer akuttmedisin i ambulansetenesta, som styrkjer den akuttmedisinske behandlings-kjeda frå skadestad til behandling i sjukehus, førstehjelpsopplæring i andre utrykningstenester eller primærhelseteneste generelt.

Valg av styre for 2000
Interimstyret sitt forslag til nytt styre er :

Leiar : Pål Inge Olsen ( 2 år )

Nestleiar : Roar Gjerde ( 1 år )

Sekretær : Grete Bjørdalsbakke Mo ( 1 år )

Kasserar : Øystein Sørheim ( 2 år )

Styremedlem : Svein Arnesen ( 2 år )

Styremedlem : Arne Hjorthaug ( 1 år )

Vararepresentantar : Guttorm Hagen, Arve Rødvik og Einar Tore Hagen ( 1 år )

Revisorar : Malvin Kile og Terje Schjelderup ( 2 år )

Valnemnd : Agnar Jetmundsen, Knut Inge Ertesvåg og Morten Håvik ( 1 år )

Styre, vararepresentantar, revisorar og valnemda vart valde ved akklamasjon.

Volda 28.02.00

______________________ _________________ ___________________

Grete Bjørdalsbakke Mo Hogne Grebstad Jørn Skare

Refferent

Årsmøtereferat 1999