VELKOMMEN TIL UF ØRSTA/VOLDA

 

Arbeider du som utrykingspersonell i Ørsta og Volda regionen så nøl ikkje med å meld deg inn.

Kriterie for medlemsskap.

UF Ørsta/Volda arbeider tverrfagleg.

Dersom du er medlem i UF-Ørsta/Volda og likevel ikkje har brukarnavn og passord, ta kontakt...

 

     

KURS I KRISEHÅNDTERING 

Styret i UF Ørsta/ Volda har gjennom stiftelsen Norsk Luftambulanse søkt om å få eit kurs i pårørandehandtering. I januar i år fekk vi svar på søknaden og den var positiv. Derfor vil vi gjerne invitere UF medlemmar til kurset som vert leia av psykolog Atle Dyregrov fra Senter for Krisepsykologi i Bergen. Kurset/ fagdagen vil vare frå kl. 0900 - 1600 og vi har fått tildelt 25 kursplassar. Det vert difor naudsynt med ei påmelding til kurset og ved for mange påmeldte så vert det tatt ei beslutning på kven som kan få plass. Håpar uansett på at mange kan sette av dagen og vere med på kurset.

Les meir om kurset her...

 

GLATTKØYRINGSTRENING 2011

Torsdag 10. November 2011 kl. 18.00 - 20.00 hadde UF-ØrstaVolda glattkøyringstrening for sine medlemar. Dette føregjekk på NAF Øvingsbane Ørsta. 

glattkyring

Det møtte opp ca. 30 personar denne kvelden, styret er særs godt nøgd med at så mange vile vere med på glattkøyringa. Det verka også som om dei som var med på sjølve køyringa verka fornøgde. Politiet stilte med 6 personar, ambulansa stilte med 6 personar, Ørsta brann stilte med 5 personar og Volda brannvern stilte med 14 personar.

Det er utruleg viktig at mannskapa får høve til å trene på dette og ikkje minst lære seg begrensingane til dei ulike køyretya. Også en ypperlig måte for arbeidsgivar å kunne dokumentere slik køyretrening.

Etter vårt syn vart treninga gjennomført på en veldig bra måte. Geir Helge Ådneram frå politiet stilte opp og var ansvarleg for kurset. Han hadde ein halv time med teori i forkant av køyringa og hadde laga øvingar som mannskapa fekk øve på dei timane vi hadde til rådighet. Les meir...

BLÅLYSDAG 2011

03.10.2011 116

Laurdag 1. Oktober 2011 vart det arrangert årets "Blålys-dag". Tilstellinga gjekk føre seg ved AMFI i Ørsta Sentrum. Mykje folk var innom oppstillingsplassen for utrykningskøyretøya. Her fekk vaksne og unge inspisere dei ulike bilane, og både prøvesitte og teste utstyr. Arrangemanget tok til klokka 12.00, og varte til 14.00. initativet for arrangemanget var Amfi. Les meir...

ÅRSMØTE FOR 2010

refleksaksjon 091010 1

Årsmøtet for UF-ØrstaVolda for 2010 vart halde på Rådhuset i Ørsta 17. februar 2011. Fullstendig Årsmøteprotokoll og Økonomioversikt finn du på interne sider (krev pålogging). Det nye styret ser no slik ut...

 

 

TEMAKVELD "SKYTING PÅGÅR"

 

Onsdag 12. mai 2010 arrangerte UF-ØrstaVolda temakveld, med foredragsholder Øyvind Lager frå Politiet i Ålesund. Temaet for kvelden var "Skyting pågår". Som bakgrunn for foredraget låg ulike skulemassakre som har vore, som Columbine High School i Colorado (1999) og Jokela High School i Finnland (2007). Lager tok først og fremst for seg politiet si rolle ved slike aksjonar, deira prosedyrer og handlingsplan ved slike oppdrag. Det vart også tatt opp dei ulike rollene til Brann og Helse (Ambulanse), både korleis dei skal forholde seg til slike senario og ulike aspekt ved innsatsen. Det er mange likheitstrekk mellom slike massakre, og utøverane av slike handlingar. Det er derfor mykje lærdom ein kan trekke ut av det som har skjedd, og ein del forebyggande arbeid ein kan sette i verk for å forhindre at slikt skjer igjen. Som innsatspersonell er nok første steget å innsjå at det faktisk kan skje, sjølv på mindre stader som Ørsta/Volda.

 

Det møtte litt over tjue medlemmar av UF-ØrstaVolda på temakvelden, sjølv om kvelden vart bestemt for kort tid sidan. Både politiet, brann og helse var representert på møtet. Møtet vart halde på Volda Sjukehus (Helse Sunnmøre HF). Ref.: P.K.Rjånes, 12.mai 2010

 

 

  

 

 

 


Vurderer du eit yrke innan Brann, Politi eller Ambulanse...?

                      


WEBINFO

Grunna tekniske problem med den tidligare nettsida, er den gamle versjonen igjen tatt i bruk.

Brukarnavn og passord for pålogging av nettsida er sletta. For tilgang til interne sider, så gjeld felles brukarnavn og passord som var brukt før omlegging. For dei som ikkje har dette, ta kontakt...

 

Trening i Idrettsbygget i Volda

Still opp på UF-treninga i Idrettsbygget i Volda. Vi har to salar til rådigheit, kvar onsdag kl. 19.30 til 20.15 (unntak i eksamensperioden). Vi spelar innefotball, men har også utstyr for innebandy dersom interessa er tilstades for dette. UF-medlemar kan også stille på familiebading ilag med Volda Dykkerklubb i svømmehallen i Idrettsbygget i Volda. Dette er kvar tysdag kl. 17.15-18.00

Refleksaksjon i Ørsta

UF-ØrstaVolda vart forespurt om å presentere seg ved handelssentera i Ørsta to laurdagar i Oktober. Laurdag 2. Oktober 2010 var det tilstelling ved Ørsta Torg, og laurdag 9. Oktober var det ved AMFI-senteret. Brann, Politi og Ambulanse stilte velvillig opp for å presentere utrykkingsbilar, materiell og utstyr. Les meir...

BEREDSKAP OVERFLATEREDNING

 

 

UF-Ørsta/Volda satte i 2008 i gong ein innsamlingsaksjon for å skaffe midlar til utstyr for overflateredning. Utstyret var på plass hausten 2010, og mannskap i Volda brannvern gjennomførte opplæring i bruk av dette. 10 mann har no opplæring/trening i redning. Utstyret består av våtdrakter, ABC utstyr, redningsvestar, tauverk, div. sikringsutstyr og oppblåsbar redningsbåt. Situasjonar det kan vere aktuelt nytte denne beredskapen, er ved redning av personar både på ope og islagt vatn og i hamneområder/ strandlinje. Les meir...

Sjå bilder frå opplæring...

 

 

Sist oppdatert: 28. Februar 2012